tirsdag 27. oktober 2015

RUS OG PSYKISK HELSE

Alkohol

Det finst mange alkoholhaldige drikker. Det som er felles med dei er at dei inneheld stoffet etanol, som gir rusverknad. Rusverknad vil seie at du blir full. Å vere full kan være gøy, men ofte gjer du ting som du ikkje skulle ha gjort. Dagen etter du har vert full får du ganske ofte hodepine og spyr. Viss du skal bli full, må du ofte drikke meir enn berre ei øl, eller du kan drikke sprit, som inneheld meir prosent alkohol. 

Å drikke alkohol når du er gravid er ikkje særleg lurt, sidan alt du får i deg får fosteret i seg. Viss du drikk ei øl får fosteret også i seg det, og det same viss du drikker meir. Det som er farleg viss du drikk når du er gravid er at barnet kan bli forsinka og ha vansker med å lære. Det er også stor sjans for at barnet kan få ein type sjukdom (Ekeland, s.72).

Alkohollova seier at du må være 18 år for å få kjøpe øl eller vin, og du må være 20 år eller meir for å kjøpe brennevin. Det er og strengt forbudt med langing, langing vil seie at ein over 18 kjøper alkohol til mindreårige (Ekeland, s.74). 

4 kommentarer:

  1. Mykje god og sakleg informasjon, Magnar. Fint at du har med kjelder (men hugs stor bokstav i namn) :)

    SvarSlett
  2. Veldig bra, Magnar. Du viser at du kan mykje om alkohol. Du har med sakleg informasjon. Eg synes det er bra at du har med kjelder fordi då veit me kvar du har henta informasjonen frå.

    SvarSlett
  3. God og sakleg kommentar, Sem.

    SvarSlett
  4. God og sakleg kommentar, Sem.

    SvarSlett