torsdag 5. november 2015

UNGDOM OG KROPP

Det er ikkje så lett å vere ungdom i dag. Kropp og utsjåande har mykje og seie uansett om du er gut eller jente. Gutar skal helst ha mykje musklar og lite kviser for å vere «heilt perfekte».

Det gjer at gutar som føler at dei ikkje har musklar føler seg mislykka. Og nokon gutar tar dop for å byggje musklar raskare, men det er dessverre mange av dei som ikkje veit alle konsekvensane. Mange tenkjer at dei bare skal ta ein gong, men det som skjer er at du blir avhengig. Sidan når du tar dop tilfører du meir testosteron som gjer at du bygg musklar raskare, og då tenkjer kroppen at den får testosteron så då stopper kroppen og produsere det sjølv.


Det er heller ikkje lett og vere jente i ungdomstida. Dei fleste jenter tenker at dei må ha stor rumpe, store pupper og tynn mage. Viss dei ikkje har det føler gjerne dei seg og mislykka. Det som er så synd er at nokon få av jentene som føler dei har små pupper kan ende opp med og ta silikon for å få større pupper.

4 kommentarer: